Emne - Historie og dokumentasjon - TBBY1011
Historie og dokumentasjon
Velg studieårOm
Om emnet
Faglig innhold
Emnet skal gi ei innføring bygningshistorie og gi ei oversikt ulike typar handverksdokumentasjon og bygningsdokumentasjon. Dokumentasjon av handverk, korleis, korfor og kva ein skal dokumentere er sentrale spørsmål. Kjennskap til ulike typar relevant arkivmateriale og bruk av slikt som kjelder er sentralt i emnet.
Læringsutbytte
Kunnskap kandidaten har kjennskap til:
- ulike typar handverksdokumentasjon og dei vanlege arkiva for slikt materiale
- bygningshistorie nasjonalt og internasjonalt på grunnleggande nivå
Ferdigheter kandidaten kan:
- på grunnleggande nivå dokumentere handverk og handverksprosessar
- analysere og tolke dokumentasjonsmateriale
- kjenne att dei vanlegaste historiske byggjemåtar i Noreg
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- kan formidle kunnskap om historiske byggemåtar
- finne og nytte ulike typar dokumentasjonsmateriale i relevante arkiv og samlingar
Læringsformer og aktiviteter
Øvingsoppgåver, ekskursjonar, feltarbeid, seminar og førelesningar. Kurset er basert på konsentrerte samlingar. Aktiv deltaking på samlingane med øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.
Obligatoriske oppgåver:
- Deltaking i øvingar på samlingane
- Dokumentasjon av arbeidsprosessar
- Oppmåling og dokumentasjon av verktøy
- Handverkshistorisk analyse av eit bygg
Obligatoriske aktiviteter
- Deltakelse
- Øvinger
Mer om vurdering
Emnet vert avslutta med ei individuell skriftlig oppgåve som vert vurdert bestått/ikkje bestått. Ved fravær leveres oppgave til ny frist etter avtale med emneansvarlig.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)
Kursmateriell
Leseliste med litteratur i bygningshistorie og om dokumentasjon av handverk.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra |
---|---|---|
TBBY1001 | 5 sp | Høst 2022 |
TBBY1003 | 2,5 sp | Høst 2022 |
Fagområder
- Byggekunst, historie og teknologi