course-details-portlet

KULMI3815

Dokumentasjon og forskningsmetode

Velg studieår
Studiepoeng 7,5
Nivå Høyere grads nivå
Undervisningsstart Høst 2024
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Oppgave

Om

Om emnet

Faglig innhold

Sentralt i kulturminnevernet står registreringar, dokumentasjon, betydings- og verdivurderingar. Dette dannar grunnlag for forvaltnings-, formidlings- og forskingsoppgåver. Arbeidet krev kjennskap til ulike kjeldekategoriar og metodar for innhenting og analyse av kjelder slik at ein har eit mest mulig informert avgjerdsgrunnlag. Dette kurset gir grundig innføring i dokumentasjon og forskingsmetodar og gir trening for å kunne produsere utgreiingar og forskingslitteratur. Hovuddelen av kurset gir innføring i ulike typar kjelder av relevans for kulturminnefaglige problemstillingar, herunder kunnskap om metodar for innsamling og analyse av ulike kjeldekategoriar, kunnskap om arkivorganisering og framfinningsteknikkar og innføring i arkiv- og forskingsetikk. Kurset har også ein prosjektdel der hovudvekta ligg på det metodiske. Prosjektoppgåva skal gi trening i sjølv å finne fram til og arbeide med kjelder til eit bestemt tema og ei bestemt problemstilling (vald i samråd med faglærar) og i å drøfte i kva grad den/dei valde metoden/ane er eigna for å svare på den problemstillinga som er reist.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har bestått emnet, blir forventa å ha følgjande totale læringsutbytte i høve til studieplanens skildring av emnet, definert som kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskap

Kandidaten har inngåande kunnskap om

  • ulike typar kjelder av relevans for kulturminnefaglige problemstillingar
  • arkivorganisering og framfinning av kjelder
  • innsamlings- og dokumentasjonsmetodar
  • ulike analysemetodar
  • arkiv- og forskingsetikk

Ferdigheter

Kandidaten har

  • avanserte ferdigheiter i å innhente, systematisere, tolke og analysere kjelder til kulturminnefaglige problemstillingar
  • avanserte ferdigheiter i å drøfte kulturminnefaglige spørsmål på basis av tilgjengelig informasjon
  • gjennom prosjektarbeid trening i å prøve ut metodar for å undersøkje eit bestemt tema og problemstilling innafor kulturminnevernet

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar, øvingar, ekskursjonar, feltarbeid, arkiv- og kjeldestudium og prosjektarbeid. Meir informasjon blir gitt ved semesterstart. Krav om 75 % deltaking ved forelesingar, øvingar, ekskursjonar og feltarbeid. Mindre innleveringar i samband med øvingar og ekskursjonar. Avsluttande prosjektoppgåve som blir vurdert etter karakterskalaen A-F.

Obligatoriske aktiviteter

  • Krav om 75 % deltaking ved forelesning og ekskursjoner
  • 6 mindre innleveringer

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Kulturminneforvaltning (MKULMI)

Forkunnskapskrav

Bachelorgrad i kulturminneforvaltning eller tilsvarande godkjent utdanning. Krev opptak til masterprogrammet i kulturminneforvaltning.

Kursmateriell

Informasjon vil bli gitt ved semesterstart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
KULMI3825 7,5 sp Høst 2015
Dette emne har faglig overlapp med emnet i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Kulturminneforvaltning

Kontaktinformasjon