course-details-portlet

KULMI2710

Lokalhistorie med arkivkunnskap

Velg studieår
Studiepoeng 15
Nivå Videregående emner, nivå II
Undervisningsstart Vår 2025
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Hjemmeeksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Lokalhistorie har lange og gode tradisjonar i Noreg, både blant fagutdanna historikar og amatørar. Kunnskap om fagfeltets diskusjonstema og arbeidsmåtar er ein del av dette kurset. Føremålet er å gi ein introduksjon til ulike måtar å studere lokalsamfunnshistorie: på den eine sida med ei målsetting om å klarleggje historia til det enkelte lokalsamfunnet, på den andre sida med eit meir generaliserande perspektiv, der studiar innafor eitt eller fleire lokalsamfunn gir kunnskap om større samfunnsmessige prosessar, nasjonalt eller globalt. Emnet set også fokus på kulturminne i ein lokal kontekst. Emnet gir introduksjon til arkivundersøkingar og innsamling av ulike typar kjelder som blir brukt i lokalhistoriske studiar. Emnet tar også for seg korleis ulike lokalhistoriske einingar kan studerast. Realhistoriske døme og kjelder vil ha kronologisk tyngdepunkt etter ca. 1660 og fram til notid.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har bestått emnet, blir forventa å ha følgjande totale læringsutbytte i høve til studieplanens skildring av emnet, definert som kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten har grunnleggjande kunnskapar om

  • lokalhistorie som historisk disiplin og praksis
  • ulike typar historieforsking med lokalsamfunn som ramme
  • realhistorie av relevans for utforsking av lokalsamfunn
  • kulturminne i lokal samanheng
  • arkivorganisering, framfinning og bruk av kjelder som er relevante for å gjere historiske undersøkingar med lokal avgrensing
  • innsamling av data gjennom registrering og bruk av intervju

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har kvalifikasjonar for å delta i lokalhistorisk arbeid
  • kan anvende teoriar om lokalhistorie til å forstå og bedømme konkrete studiar
  • kan bruke teoriar og kunnskap om historisk relevante tema til å utføre eigne undersøkingar av lokal karakter
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å analysere kulturminne i ulike lokale kontekstar
  • kan finne fram til og bruke relevant kjeldemateriale til historiske undersøkingar
  • har grunnleggjande ferdigheiter i datainnsamling og intervjumetode.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar, seminar og ekskursjonar. Obligatorisk semesteroppgåve.

Obligatoriske aktiviteter

  • Semesteroppgave

Forkunnskapskrav

Ingen

Kursmateriell

Pensumliste og utvald kjeldemateriale.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
HIST2710 15 sp Vår 2006
Dette emne har faglig overlapp med emnet i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Historie

Kontaktinformasjon