course-details-portlet

TPG4175

Petrofysikk - Boreholslogging, grunnkurs

Velg studieår
Studiepoeng 7,5
Nivå Tredjeårsemner, nivå III
Undervisningsstart Høst 2024
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Engelsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Skriftlig skoleeksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Dette emnet er grunnleggande for alle som vil arbeide med undergrunnsdata i petroleumsindustrien. Brønnloggdata gjev svar omkring petrofysiske, geologiske og mekaniske eigenskapar som ein treng for å evaluere eit felt. Emnet dekker fundmentale petrofysiske begrep og likningar. Følgande brønnloggemålingar vert diskuterte: resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, fotoelektrisk absorbsjon, akustiske målingar, kjernemagnetisk resonans og måling av formasjonstrykk. Videre diskuteres målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - og korrigering av dataene for slike faktorar. Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald. Gjennom praktiske øvingar og prosjekt lærer ein å tolke brønnloggdata.

Læringsutbytte

Ingress: Emnet gjev innsikt i kva rolle målingar i borehol har for utforsking av petroleumsreservoar. Emnet dekker ei rekkje målemetodar og korleis desse brukast til å bestemme sentrale bergartsparametrar som porøsitet, permeabilitet, vassmetning og kva bergart ein har langs boreholet.

Kunnskapar: Studentane lærer å forstå og bruke følgjande:

  • Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar. Korleis oppbygginga av ein bergart innverkar på målingane våre og på sentrale petrofysiske parametrar som porøsitet, permeabilitet og metning.
  • Dei viktigaste logge-metodane i borehol: Måling av resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, fotoelektrisk absorbsjonsindeks, akustiske målingar, måling av formasjonstrykk, kjernemagnetisk resonans og anna.
  • Målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - korrigering av dataene for slike faktorar. - Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi (bergartstypar) og leirinnhald.

Ferdigheiter: Studentane skal kunne forstå og gjere ei enkel tolking av dei vanlegaste loggmålingane ein gjer i borehol. Dei skal kunne finne hovedtrekka i litologi, porøsitet, metning og permeabilitet og finne og rekne ut kor mykje ein har av forskjellige fluidtypar - olje, gass og vatn.

Generell kompetanse: Gjennom gruppearbeid lærer studentane å samarbeide og å vise ansvar for sin del av øvingsarbeidet. Ved å arbeide med verkelege data frå felt i drift, lærer studentane å forstå at verkelege data kan vere usikre, og at ein må vise skjønn og forståing for å finne gode svar på tolkingsproblema.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar og gruppearbeid. Obligatoriske øvingar. Emnet blir undervist på engelsk dersom internasjonale masterstudentar vel emnet. Ei referansegruppe evaluerer emnet.

Obligatoriske aktiviteter

  • Øvinger

Mer om vurdering

Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til munnleg eksamen.

Kursmateriell

Kompendium, forelesingsnotatar, korreksjonsdiagram. Artiklar. Brønnloggdata frå den norske kontinentalsokkelen.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
SIG4050 7,5 sp
TPG5120 7,5 sp Høst 2010
Dette emne har faglig overlapp med emnene i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Geofysisk tolkning
  • Petroleumsgeofag
  • Petroleumsteknologi - Petroleumsproduksjon
  • Petroleumsteknologi - Dypboringsteknikk
  • Petroleumsteknologi - Reservoarteknikk
  • Petroleumsgeologi, sedimentologi
  • Formasjonsevaluering
  • Petrofysikk
  • Petroleumsproduksjon/Brønnteknologi
  • Petroleumsgeofysikk
  • Borehullslogging
  • Dypboringsteknikk
  • Petroleumsteknologi
  • Petroleumsgeologi
  • Petroleumsproduksjon
  • Ressursgeologi
  • Reservoarteknikk
  • Anvendt geofysikk
  • Geofysikk
  • Geologi

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Faglærere

Ansvarlig enhet

Department of Geoscience